fredag 6. august 2010

Ny (kjempeflott) utstilling

VEV I RUTE! Stoppestad Sunnfjord Museum:
Tekstilkunstnar Brita Been presenterer samtidsvev med røter i ruteåkletradisjonen

Med ståstad i samtida og sitt eige formspråk har Brita Been samla inntrykk frå reiser i inn- og utland, så vel som frå bruksting i dagleglivet. Ho leikar seg med former i rutemønster som endar opp i store tekstilar, med kraftig kvalitet og koloritt, for vegg og golv. Brita Been er heile tida trufast mot krav til kvalitet i materiale og teknikk, og har solid kunnskap om og respekt for handverket som er forvalta av kvinner i generasjonane før oss.
Dette arbeidet har ført til ei aktiv separat utstillingsverksemd og deltaking på ei lang rekke utstillingar og tekstilbiennalar i inn- og utland, utsmykkingsoppdrag og undervisningsaktivitet.

Sunnfjord Museum er glade for at Brita Been sine teppe stoppar hjå oss til ut oktober!

Handverksfaget vev er på vikande front i utdanninga, og den handlingsborne kunnskapen har få arenaer å utspele seg på. Ei sentral oppgåve for musea er å vere ein slik arena.
Denne hausten vil Sunnfjord Museum setje fokus på vev som handverk og kunstuttrykk, både ved å knyte trådar til våre rike åkletradisjonar, og ved å inspirere til nytt blikk på vev som ein spennande aktivitet med utviklingspotensiale for liten og stor.

Det vert laga tilbod om skuleopplegg og temakveldar med ulike innfallsvinklar i utstillingsperioden.

Kunstnaren vert til stades på opninga laurdag 7. august kl. 18. Alle er velkomne til opning!

onsdag 16. juni 2010

Eit torvtak kan´kje vara evig, veit du


Det er særleg to ting som kan øydelegge eit torvtak. Det eine er at deet veks tre på taket og røtene øydelegg det vasstette skiktet i taket. Det andre er at ein får sig på torva. Husa her i Sunnfjord har hatt bratte tak slik at dette siste kunne vere eit problem. Stallen på museet har hatt dette problemet.
Torvhaldet og torvhaldskrokane som skal halde torva på plass var i ferd med å rotne vekk og torva held på å sige. Dei dårlege delene vart då skifta ut og nye torvhaldskrokar og torvhald vart lagt på. Noko av neveren vart og skifta ut og taket er no sikra for mange nye tiår.
Torvhaldskrokane er laga av naturvaksen einer. Eineren er svært haldbar mot rote dersom han vert hoggen om vinteren.

onsdag 9. juni 2010

Populært undervisningsopplegg


No er skuleåret på hell og meir enn 800 elevar og lærarar har vore eller skal vere med på undervisnings-opplegget vårt om bjørn i Sogn og Fjordane.
-Slitsomt, men veldig kjekt, seier Oddbjørg Hjelmeland som er nytilsett formidlingsleiar ved museet.
Alle skuleelevane har fått høyre om bjørnejakta for 2 år sidan som enda med at ein hannbjørn vart skoten på Vetlebreen i Fjærland. Men like interessant har det vore å høyre om korleis bjørnen lever i dag, og ikkje minst om kva tilhøve folk har hatt til bjørnen historisk her i fylket. Går ein eit par hundreår attende i tid var Sogn og Fjordane det mest bjørnerike området i landet. Rundt 1730 var det så mykje bjørn at det vart sett skotpremie på han. Dette førte til at han var mest utrydda i 1900. Sidan den tid har det ikkje overvintra binner her i fylket, og dei bjørnane som er observerte er einslege hannbjørnar på leiting etter make.
Sjølv om det snart er skuleslutt, betyr ikkje det at utstillinga stenger. Den vert ståande ut juli månad og alle er velkomne.

måndag 7. juni 2010

I rute (2)


Det er ikkje berre tilrettelegging og rydding av friluftsmuseet som er i rute. Til hausten skal vi ha ein utstilling som heiter nettopp det - I RUTE. Det er tekstilkunstnaren Brita Been som stiller ut på museet.

Med denne samtidsutstillinga vil vi setje nytt lys på våre tekstile skattar, invitere til å utforske eigne tradisjonar og slå eit slag for revitalisering av desse.
Brita Been viser i fotomontasje utvikling frå inspirasjon/idè, via arbeid med skisser/mønster og produksjon til ferdige teppe.

I husa i friluftsmuseet, som er eit tidsbilete frå ca 1850, er tekstilar av ulik kvalitet og bruksfunksjon ein viktig del av interiøret – og utstillinga.
I utstillingssalen blir det sett opp ein oppstadvev med renning der publikum kan prøve ulike garnkvalitetar i smett-teknikk, og finne ruteark og fargar for eigne mønsterkomposisjonar.

Utstillinga opnar laurdag 7. august og står ut september.

onsdag 19. mai 2010

I rute!


Sjølv om sommaren har latt vente på seg i år og bjørkeskogen ser ut som vi er i slutten av april, er førebuingane til sommaren på museet i rute. Alle omvisningshusa er vaska og reingjorde og klare for å ta i mot gjester når vi opnar friluftsmuseet i juni.
Mange nyttar friluftsmuseet og Mostien til rekreasjon. Det set me pris på. Ei utfordring kan likevel vere å bli med omvisarane på museet ein tur. Du vil då få kome inn i dei ulike husa, høyre historia til huset og det livet som vart levd der. Det er trass alt den nære historia vår som vert formidla og vi garanterer deg ein spennande time.
For den billetten du betalar kan du også få med utstillinga vår i hovudbygget. Den populære bjørneutstillinga "Me har skote bjørnen" vert ståande ut juli og vert då avløyst av ei utstilling med tekstilkunstnaren Brita Been.

måndag 3. mai 2010

Me har skote bjørnen - utvida opningstid


Bjørneutstillinga som no står på Sunnfjord Museum er blitt populær og får god omtale hjå dei som kjem på vitjing.
Fram til juni er det ikkje like lett for alle som går i arbeid å få sett utstillinga. Me kjem difor til å halde ope desse helgedagane i mai:

Søndag 9. mai
Torsdag 13. mai (Kristi himmelfartsdag)
Mandag 24. mai (2.pinsedag)
Alle desse dagane mellom 12 og 16.

Frå 1. juni har me, i tilleg til kvardagar, ope kvar laurdag og søndag mellom 12 og 17.
Alle er velkomne.

fredag 30. april 2010

Ny løe - hurra!


Langs Mostien som går mellom Sunnfjord Museum og Mo ligg stølen vår. Den er bygd opp som ein typisk sunnfjordsstøl med dei husa som høyrde til, og inngjerda kvie. Det einaste vi har sakna er ei typisk utmarksløe som det burde vere på ein slik støl.
For eit par dagar sidan ringde Steinar Øvrebø på Ålhus og sa at han hadde ei lita markaløe liggande. Den hadde stått høgt til fjells på austsida av dalen inn frå Ålhus, mellom Hammarsenden og Steinblikfjellet. Løa hadde høyrt til Kvammebruket på Hegrenes. Han hadde fått hand om løa og tatt den ned i 1977. Sidan hadde ho berre blitt liggande lagra i ein garsje.
Om me ville ha den?
Midt i blinken tenkte me, og fekk den frakta til museet. Det fine med slike hus er at det ikkje krev all verdas planlegging. Ein bilhengar er nok.
Løa er eit grindbygg på kring 2 x 2 m og bygd i bjørk. Truleg har det vore nokre karar som har tatt øksa med seg til fjells og bygd ei løe med den materialen dei fann rundt seg. Heile konstruksjonen er øksa til og festa saman med trenaglar. På same vis er sperr og taktro laga. Never og torv til tekking har dei og funne på staden.

Det er eit lite og unnseleg hus slik det ligg på bilhengaren, men knapt noko anna hus kan fortelje historia lite godt. Huset fortel om tidlegare driftsformer og utnytting av ressursane i utmarka, men det fortel og noko om handverks- og bygningskompetanse hjå dei som sette det opp. Dette høyrde til allmennkunnskapen. Kor tid løa vart bygd veit me ikkje, men at ho hadde stått der i 150 år når ho vart riven, er truleg.
Etter litt restaurering og ettersyn vert løa bygd opp att på museumsstølen og vil bli ståande i nye hundreår.