fredag 30. april 2010

Ny løe - hurra!


Langs Mostien som går mellom Sunnfjord Museum og Mo ligg stølen vår. Den er bygd opp som ein typisk sunnfjordsstøl med dei husa som høyrde til, og inngjerda kvie. Det einaste vi har sakna er ei typisk utmarksløe som det burde vere på ein slik støl.
For eit par dagar sidan ringde Steinar Øvrebø på Ålhus og sa at han hadde ei lita markaløe liggande. Den hadde stått høgt til fjells på austsida av dalen inn frå Ålhus, mellom Hammarsenden og Steinblikfjellet. Løa hadde høyrt til Kvammebruket på Hegrenes. Han hadde fått hand om løa og tatt den ned i 1977. Sidan hadde ho berre blitt liggande lagra i ein garsje.
Om me ville ha den?
Midt i blinken tenkte me, og fekk den frakta til museet. Det fine med slike hus er at det ikkje krev all verdas planlegging. Ein bilhengar er nok.
Løa er eit grindbygg på kring 2 x 2 m og bygd i bjørk. Truleg har det vore nokre karar som har tatt øksa med seg til fjells og bygd ei løe med den materialen dei fann rundt seg. Heile konstruksjonen er øksa til og festa saman med trenaglar. På same vis er sperr og taktro laga. Never og torv til tekking har dei og funne på staden.

Det er eit lite og unnseleg hus slik det ligg på bilhengaren, men knapt noko anna hus kan fortelje historia lite godt. Huset fortel om tidlegare driftsformer og utnytting av ressursane i utmarka, men det fortel og noko om handverks- og bygningskompetanse hjå dei som sette det opp. Dette høyrde til allmennkunnskapen. Kor tid løa vart bygd veit me ikkje, men at ho hadde stått der i 150 år når ho vart riven, er truleg.
Etter litt restaurering og ettersyn vert løa bygd opp att på museumsstølen og vil bli ståande i nye hundreår.