fredag 6. august 2010

Ny (kjempeflott) utstilling

VEV I RUTE! Stoppestad Sunnfjord Museum:
Tekstilkunstnar Brita Been presenterer samtidsvev med røter i ruteåkletradisjonen

Med ståstad i samtida og sitt eige formspråk har Brita Been samla inntrykk frå reiser i inn- og utland, så vel som frå bruksting i dagleglivet. Ho leikar seg med former i rutemønster som endar opp i store tekstilar, med kraftig kvalitet og koloritt, for vegg og golv. Brita Been er heile tida trufast mot krav til kvalitet i materiale og teknikk, og har solid kunnskap om og respekt for handverket som er forvalta av kvinner i generasjonane før oss.
Dette arbeidet har ført til ei aktiv separat utstillingsverksemd og deltaking på ei lang rekke utstillingar og tekstilbiennalar i inn- og utland, utsmykkingsoppdrag og undervisningsaktivitet.

Sunnfjord Museum er glade for at Brita Been sine teppe stoppar hjå oss til ut oktober!

Handverksfaget vev er på vikande front i utdanninga, og den handlingsborne kunnskapen har få arenaer å utspele seg på. Ei sentral oppgåve for musea er å vere ein slik arena.
Denne hausten vil Sunnfjord Museum setje fokus på vev som handverk og kunstuttrykk, både ved å knyte trådar til våre rike åkletradisjonar, og ved å inspirere til nytt blikk på vev som ein spennande aktivitet med utviklingspotensiale for liten og stor.

Det vert laga tilbod om skuleopplegg og temakveldar med ulike innfallsvinklar i utstillingsperioden.

Kunstnaren vert til stades på opninga laurdag 7. august kl. 18. Alle er velkomne til opning!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar